Møre og Romsdal har som første fylke i landet utarbeidd eigen Frivilligplan. – Vi ønskjer å skape Noregs mest offensive frivilligpolitikk saman med kommunal sektor, seier Synnøve Valle som har leia prosjektet ’Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga’.Ho vonar frivilligplanen kan inspirere og vere eit verkty for kommunane til å utarbeide eigne frivilligplanar:
– Det er mykje offentleg og frivillig sektor kan samarbeide nærare om, til beste for innbyggjarane. Vi har ønskt å inspirere kommunane til å ha ei endå meir aktiv haldning til frivillig sektor. Dette kan gje viktige ringverknader. Les mer på: Møre og Romsdal fylkeskommune